Kva vi tilbyr

Vi er eit trenings- og kompetansesenter for meditasjon og kampkunst. Meditasjon er grunnlaget for alle aktivitetane som vi tilbyr. Alle kampkunstene her er meditasjon i bevegelsar og alle brukar dei sama prinsippa. Vi har god kontakt  med desse meditasjons- og kampkunst tradisjonane på høgt nivå og får stadig vegledning frå dei. Felles for alle desse trenings – og praksismetodene er å finne fram til, og leve fullt ut,  vår naturlege tilstanden. Kjennskap til eigen indre natur og korleis den heng saman med landskapet rundt seg er grunnlaget for mykje av treninga og filosofien som ligg bak. Øst møter Vest her i Hemsedals vakre fjellandskapet. Velkomen!best

 

 

  Treningstider hausten 2018 HER

Instruktørar og Veglederar

Jeremy Wilson – betre kjent som Jem – er hovudinstruktør, og leiar av Shinkakuzan. Han har over 40 års erfaring i Zen Meditasjon og Kampkunst og har oppnådd 4. dan Wado Ryu (Wado Ryu Academy – Karate) og 1. dan Katori Shinto Ryu (Sugino Dojo . Kenjutsu). Han er  Mindfulness Mentor i Intervereordenen under Thich Nhat Hanh og European Institute for Applied Buddhism (Zen Meditasjon, Qi Gong og Taiji Quan). I tillegg får vi instruksjon og vegledning frå mange andre nasjonale og internasjonale annerkjente vegleiare og mentorar.

Aalstveit_fp 9

Lokalen

På Aalstveit Gard har vi bygd om eit gardshus til å no romme over 300m2 med treningssal, garderober og møtefasilitetar. Garden er enkel å finne og ikkje så langt frå sentrum, men skjerma til;  2,2 km frå Ulsåk med utsikt over Hydnafossen, Storehorn og opp gjennom heile dalen fram til Storeskardsnosi.

 

aalstveit-2-2

Korfor namnet Shinkakuzan?

I 1998 vart Jem ordinært i Intervereordnen av Zen Meister Thich Nhat Hanh. Då fekk han Dharmanamnet Chân Giác Sơn – 真覚山 – True Mountain of Emptiness/Enlightenment – Sann/Ekte Opplyst Fjell. Seinare, i Thich Nhat Hanh sin ånd, valgte han å dele dette namnet med alle som mediterer og trener saman her (intervære – vi inter-er), og med respekt for sine Japanske vegledere gjennom 35 år vart det oversatt til Japansk; Shin Kaku Zan. For oss er fjella her, og inne i oss, ei kjelda til inspirasjon og visdom.

Ynskjar du meir informasjon om Shinkakuzan?
Send ein e-post