Jeremy Wilson
4. dan Wado Ryu, 1.dan Katori Shinto Ryu, Mindfulness MentorSkjermbilde 2015-09-09 kl. 12.10.02

Starten
Jeremy (født 1960), betre kjent som Jem vart tidleg interessert i både meditasjon og kampkunst .

Kampkunst 
I 1974 byrja han å trene med fekting i Taunton Fencing Club under instruksjon av Murial White. Fram til 1981 deltok han regelmessig i lokale og regional fektingskonkuranser, vant bl.a. Wessex Cup i 1979.

Wado Ryu Karate
Etter kvart vart  Jem introdusert til Wado Ryu Karate-do (Jujitsu Kempo) i 1978.  Tatsuo Suzuki Sensei 8. dan var Ohtsuka Meijin sin representant for Wado Ryu i England ved United Kingdom Karate-do Wado Kai  (U.K.K.W.). Klubbinstruktøren i Bridgwater, England, der han budde, var Arthur Meek Sensei (no 7.dan.). Områdeinstruktør var Masafumi Shiomitsu Sensei (no 9. dan).

Etter fire og eit halvt års intensiv trening fekk han 1. dan Svart belte i 1983. Regelmessig deltaking i regionale og nasjonale tevlingar i England førte til ein liten samling medaljar og pokalar både i kata og kumite.

I 1988 fulgte han Shiomitsu Sensei som danna Wado-Ryu Academy. Han flytta til Hemsedal i 1989 etter han hadde drive ein karateklubb ved universitetet i Newcastle Upon Tyne i 3 år. Då starta han, Hemsedal og Gol Karateklubb (seinar Hallingdal Karateklubb). Etter mange år med kveldspendling for å instruere på Gol vart det dyktige folk som hadde gradert seg opp til meistargrad og kunne overta der. I 2008 opna Jem sin eigen dōjō heime på garden;- Shinkakuzan Wakō Dōjō.

Utvikling
Jeremy sin hovudinteresse for den djupare dimensjonen av kampkunst førte til at han
trente regelmessig i fleire år frå 1983 med Aikido, særleg Aikiken, i Glastonbury og seinare ved Universitet i Newcastle Aikido Club. I 1983 utvikla Jeremy sin erfaring med sverd og byrja å trene med Bridgwater Iaido Club. Denne treninga passa bra med Aikido treninga, og ga mykje innsyn i Wado Ryu.

Katori Shinto Ryu
Ein draum om å kunne trene i den eldgamle kampkunst skule Tenshin Shoden Katori Shinto Ryu gjekk i oppfølging  i 2002, og sidan då har han trent regelmessig i denne skule under Eri Kusano 7.dan og Såzen Osho 5.dan. Tenshin Shoden Katori Shinto Ryu, som den eldste dokumentert våpenskule i Japan, er ei kjelde, ein slags stamfar, for dei djupaste aspektar og visdom i japansk Budo (Budo er japansk for Kampkunst/veg). Eit sterk innslag i Jem sin instruksjon.

Meditasjon, Mindfulness og Zen
Alle desse forskjellige Budogreinene har felles kroppsdynamiske/psykosomatiske prinsipp som ligg til grunn, og dei inkluderar praksis med bl.a. Shiatsu, massasje, pusteøvinger, bevegelses-meditasjon og sittemeditasjon, Taiji Quan og Qi Gong. Dette har Jeremy fått utdype gjennom lang erfaring med Zen trening som også inkluderar forskjellige formar for alternativ og komplimentær terapi.

Samstundes som han byrja Wado-Ryu, interesserte Jeremy seg for Zen Buddhist, Taoist og Shinto meditasjon. Tatsuo Suzuki hadde trent i Zen under Yamamoto og Harada Roshi og oppmuntra sine elevar til å praktisere Mokuso og Susokukan. Frå 1979, med erfaring frå sommar og vinterleirar og med vegledning gjennom London Zen Society vart først mokuso og seinare Zazen ein dagleg praksis. I 1998, etter mange års engasjement og praksis, vart han ordinert i den Zen Buddhistiske Inter-være ordenen av vietnamesisk Zen meister Thich Nhat Hanh som betydde eit ansvar som Mindfulness Mentor. I dei siste 10 åra har Jem  hatt sterkare tilknynting til, og regelmessige vegledning frå Thay Doji eller Doji Zenji som er meistar i både japansk og vietnamesisk Zen. Jem har også fornya tilknytninga til Japansk Rinzai Zen og får vegledning frå Meido Zentetsu Roshi av Korinji. Han har også kontakt med Soto Zen.

Aalstveit_fp 9I Japan og Kina er det ein eldgamal tradisjon å søke inspirasjon og visdom gjennom nærkontakt med Naturen. Kortare og lengre skogs- og fjellturar over mange år, då trening og meditasjon blir naturlege innslag, har gitt Jem ein nokså unik men samstundes tradisjonell tilnærmingsmåte til vegledning i Kampkunst og Zen.

Til dagleg kombinerar Jeremy Økologisk Jord- og Skogbruk, Familieliv, Friluftsliv, Budo og Zen.

Kontakt; Jem Wilson,
90656407, e-post; info@heimvegen.com