Sjølvforsvar

Du lærar teknikkar  for å handtere aggressiv tilnærming, angrep, forsøk på valdtekt og trussel frå kniv og våpen. Det inkluderar bl.a. blokkeringer, forflytningsmetoder, avbalanseringsteknikkar, låsninger og kast, slag og spark.

Du blir introdusert til effektive metodar og teknikkar som hjelpar med å bevare roen, redusere stress, halde ein klar oppmerksamheit og redusere konfliktnivået i trugande situasjonar sjølv når det er høgt tempo i treninga.

Du treng ikkje vere spesielt spreke for å delta, men burde ikkje vere skada eller sjuke. Du må og ha viljen og evnen til å vere fysisk aktiv under heile treninga. Du vil opparbeide god kondisjon gjennom treninga. Vi  gjer ting lett å hugse,og  skapar ei fokusert, trygg og munter stemning  som gir mestringsglede.

Du burde ha på treningsdrakt eller lause kleder som tåler litt rykking.

Når; Onsdagar kl.1830 – kl.1930. Open trening på sundagar kl.1000 – kl.1200.

Stad; Treningshallen på Aalstveit gard i Hemsedal.

Halvtårskontigent for medlemmer kr.750,-  Nybegynnerkurs (går over 5 veker) kr.500,-. Vil du halde fram med treninga etter fullført nybegynnerkurs er kontigenten for det halvåret kr.250,-.

For info. og påmelding kontakt  info@heimvegen.com eller mob.90656407 . .

Aldersgrensa 15 år.