131Zen meditation is the practice of enlightenment.

Zen Meditasjon er å gjenoppdage den dypaste naturlege tilstanden i dette øyeblikket, her og no. Praksisen hjelper oss å gi slepp på indre og ytre spenninger og bli meir fri frå overdreven klamring og motvilje. Vi lærer å handtere energien vår og leve stødigare og rolegare i kvardagen. Til dette praktiserar vi roleg; sittemeditasjon, ståmeditasjon (standing post) og liggjande (dyp avspenning). Og vi praktisear aktivt; gå meditasjon (langsomt), mindfull movements, Qi Gong ogTaiji Quan, kalligrafi, te seremoni, m.m.

På retreater over fleire dagar blir det også brukt tradisjonelle rutinar og ritualar med bjøller, chanting, måltidspraksis, dharmatale, gruppesamtaler m.m.. Desse hjelper oss å kome til dypare plassar i oss sjølve og dermed dypare innsikt, stødigheit og fridom.

Zen Meditasjon og Taiji Quan utfyller kvarandre og er gunstig å kombinere. Sjå gjerne på sida om Taiji Quan på desse websidene.

Vi held regelmessige nybegynnerkurs, men alle er velkomne på mandagar. Er du nysjerrig og vil prøve, ta med; laustsittande klede og eit smil.

Vi held også regelmessige retreat og sesshin (lengre kurs og fordjupning) både sjølve og med veglederar/monkar i både den Vietnamesisk og den Japanske Rinzai Zen tradisjon. Dermed kan deltakarar velger om dei vil få vegledning på høgt nivå.

For meir informasjon om denne formen for Zen Meditasjon, sjå  www.eiab.eu/index.php?index=88  , http://dharmagruppa.no , www.rinzaizen.org

Zen Meditasjonsgruppa Fjell Sangha møtast kvar mandag kl.1800 – kl.2000 og sundag kl.0900 – kl.1000 i treningssalen på Aalstveit Gard.

Korleis vi praktiserar saman

Vi kombinerer fokusert og strukturert vegledning i ein trygg, roleg og fredeleg stemning. Du treng ikkje vere spesielt sprek eller mjuk. Stillinger og øvinger kan tilpassast. Sittemeditasjon kan vere på ein pute, meditasjonskrakk eller stol, og lengden på meditasjonsøkt er avhengig av erfaring og eigen innsats. Qi Gong er sakte, avspente og rolege rørsler som frigjer energi, foreine kropp og sinn og gir oss klar merksemd og harmonisk sinn. Innsikten og visdomen utviklast gjennom Mindfulness, forståing og medkjennsle i dette øyeblikket.

Aalstveit 47

I Rinzai Zen er det vanleg at ein inkluderar kunst, handverk, fysisk trening og arbeid i meditasjonspraksisen for å vidareutvikle heile mennesket og levandegjere visdom i aktivitet. Eksemplar er kalligrafi, blomsterarrangement, treskjæring og te-seremonien, og fysisk kultur som bueskytting, fjellvandring, Qi Gong og kampkunst. Når ein vel å fordype seg i ein slik disiplin blir det ein Veg. I Shinkakuzan  utvikler vi Zen praksisen som ein del av livet her i fjellbygda –  påverka av naturen og kulturen i nærområdet. Dermed kombinerar vi ofte Zen Meditasjon og Friluftsliv ; fjellturar til fots og på ski, kanopadling, bålturar i skogen, telttur m.m. Mandagsmeditasjonen føregår mest i treningssalen i den mørke tida og vi arrangerar dags- helge- og fleirdagarsretreat ute når vær og føre tillet..IMG_0096

Info ; Påmelding

Opplysning og påmelding til veglederen, Jem Wilson Aalstveit

Telefon: 90 65 64 07

E-post: info@heimvegen.com

Kontonummer Fjell Sangha: 2212.11.21240

Send ein e-post

Oppstart

Vi held nybegynnarkurs i slutten av august eller byringa av september 2018. Info. kjem ut her og på Facebook i løpet av sommaren.

 

Les meir