FJELL SANGHA
Eg er framme,
eg er heime,
nettopp her,
nettopp no.
Thich Nhat Hanh
Meditasjon (også kjent som Mindfulness) er å øve på å leve i her og no med fred, forståelse, medkjensle, glede og velvære. Vi lærar å gi slepp på bekymringer for framtida og anger over fortida, og heller nære oss sjølve med det gode som fins i øyeblikket. Dette er ein prossess der vi let oppmerksamheiten bli sterkare og meir fokusert på det som gir næring, harmoni, balanse, stødigheit og ro til kropp, sinn og sjel. Det gir djupare aksept og forståing for oss sjølve, som fører til djupare aksept og forståing for andre. Vi får eit klarare og rolegare sinn som hjelper oss å handtere ein stadig meir stressande kvardag, og ta klokare val. Når vi praktiserer med andre gode vener i ei gruppe (sangha) blir den meditative energien og konsentrasjonen mykje sterkare. Vi kjenner tryggleik og støtte og motivasjon til å halde fram.
Meditasjon er til god hjelp mot stress, angst, kronisk stivheit og spenning, og liknande.
I Fjell Sangha kombinerer vi fokusert og strukturert vegledning i ein trygg, roleg og fredeleg stemning. Du treng ikkje vere spesielt sprek eller mjuk. Stillinger og øvinger kan tilpassast.
Sittemeditasjon kan vere på ei pute, meditasjonskrakk eller stol. Vi øver også gå-meditasjon, og djup avspenning i liggjande stilling. Qi Gong er sakte, avspente og rolege rørsler som frigjer energi, foreiner kropp og sinn, og gir oss klar merksemd og harmonisk sinn.
I Fjell Sangha har vi ein tradisjon å vere vertskap for det populære Haustretreatet til Dharmagruppa. www.dharmagruppa.no .
Dessverre har me ingen lokale deltakarar i denne gruppa. Men, me held samlinger med jamne mellomrom for gamle deltakarar. og andre som kjenner tradisjonen som er innom. Ta gjerne kontakt om du vil delta eller lære meir om den formen for zen buddhisme.
Info Påmelding
Når: Mandagar kl.1900 – kl.2030.
Open sal på sundagar kl.1000 – kl.1200.
Stad: Treningshallen på Aalstveit gard i Hemsedal.
Betaling;
Denne gruppa er drive på frivllig basis men vi har ein del kostnader å dekke dessverre.
Vi gir rabatt og liknande til folk med meir vanskelegstilt økonomi. Ta gjerne kontakt.
Halvtårskontigent for medlemmer kr.500,-
Nybegynnerkurs (går over 5 treningskvelder) kr.500,-.
Kontonr; 2367 20 43735 Merk; Fjell Sangha
Ha på laussittande kleder – og eit smil!
For info. og påmelding kontakt info@heimvegen.com eller mob.90656407
I Fjell Sangha utvikler vi meditasjon som ein del av livet her i fjellbygda – påverka av naturen og kulturen i nærområdet. Dermed set vi av dagar, når folk vil, der vi kombinerar Meditasjon og Friluftsliv ; meditative fjellturar til fots og på ski, mindfull kanopadling, bålmeditasjon i skogen, telttur m.m. Det fins ingen begrensninger for korleis vi kan inkludere meditasjon i kvardagen og fritida og deltakarar finn på stadig nye metoder.
Mandagsmeditasjonen føregår mest i treningssalen.