Taiji Quan (Tai Chi)

Ein eldgamal fredeleg kampkunst av sakte, aslappa og flytande bevegelser med stillingar som fremjar balanse og koordinasjon. Teknikkane og metodikken er inspirert av natur og bygger på naturlege rørslene. Ein viktig del av treninga er også den tradisjonelle austlege måten for healing og velvære, Qigong.

Taiji Quan kan vere god trening for folk med muskel og leddproblem særleg pga den rolege og avslappa måten rørslene blir utført på. Dette er også god hjelp mot bl.a. stress, angst og kronisk spenning. Ein kan gjerne øve litt for seg sjølv kvar dag.

Ein vanleg kveldstrening begynner med oppvarming og uttøying i hyggjeleg og roleg stemning med fokus på Qi- eller energi -sensitivitet. Ein del tid blir brukt på Yang –formen;  ein sekvens av mange forskjellige teknikkar utført sakte og rolege. Desse rørslene  hjelper oss å forstå og handtere eksterne og interne spenninger og konflikar. Yang-formen aukar kjennslen av Qi og korleis ein kan fokusere Qi for å oppnå større personleg harmoni og helse. Å øve teknikkar med ein partner er også viktig in denne samanhengen. Ein lærar korleis ein kan harmonisere med ein annen. Treninga avrundast med ein kort meditasjon.

Taiji Quan eignar seg godt til å praktisere saman med Meditasjon. Taiji Quan også eigner seg godt til ute-trening – i skogen, ved ein foss eller vatn, og på fjellet. Når ver og føre tillate det legg vi opp til treningsdagar og kvelder ute.

Når: Onsdagar. Kl.1830 – kl.1930.
Open trening på sundagar kl.1000 – kl.1200.
Stad: Treningshallen på Aalstveit gard i Hemsedal.

Halvtårskontigent for medlemmer kr.500,-
Nybegynnerkurs (går over 6 treningskvelder) kr.500,-.

Drop in kr.100,-

Ha på treningskleder, innesko eller sokkar – og eit smil!
For info. og påmelding kontakt info@heimvegen.com eller mob.90656407

Scroll to Top