FJELL SANGHA

Meditasjonsgruppe i Hemsedal

I Fjell Sangha kombinerer vi fokusert og strukturert vegledning i ein trygg, roleg og fredeleg stemning. Du treng ikkje vere spesielt sprek eller mjuk. Stillinger og øvinger kan tilpassast.  Sittemeditasjon kan vere på ein pute, meditasjonskrakk eller stol, og lengden på meditasjonsøkt er avhengig av erfaring og eigen innsats. Qi Gong er sakte, avspente og rolege rørsler som frigjer energi, foreine kropp og sinn og gir oss klar merksemd og harmonisk sinn. Innsikten og visdomen utviklast gjennom Mindfulness, forståing og medkjennsle i dette øyeblikket. Meditasjon kan vere til god hjelp mot kronisk stress, spenning, angst og liknande.

I Fjell Sangha utvikler vi meditasjon som ein del av livet her i fjellbygda –  påverka av naturen og kulturen i nærområdet. Dermed kombinerar vi ofte  Meditasjon og Friluftsliv ; fjellturar til fots og på ski, kanopadling, bålturar i skogen, telttur m.m. Tysdagsmeditasjonen føregår mest i treningssalen i den mørke tida og vi arrangerar dags- helge- og fleirdagarsretreat ute når vær og føre tillet..

Info  Påmelding

Når: Tysdagar kl.1915 – kl.2030.
Open trening på sundagar kl.1000 – kl.1200.
Stad: Treningshallen på Aalstveit gard i Hemsedal.

Halvtårskontigent for medlemmer kr.500,-
Nybegynnerkurs (går over 5 treningskvelder) kr.500,-.

Ha på laussittande treningskleder – og eit smil!

For info. og påmelding kontakt info@heimvegen.com eller mob.90656407

Oppstart

Vi held nybegynnarkurs i slutten av august eller byringa av september. Info. kjem ut her og på Facebook i løpet av sommaren.

Rull til toppen