Ein vanleg treningstime startar oppvarming og uttøying. Mykje av dette er frå japansk Shiatsu og liknande. Trening held då fram med å lære og gå gjennom grunnleggjande stillinger og teknikker. Dette heitar Kihon. Desse er baserte på avspente/avslappa rørsler som utnyter balansen, fokus, kinetisk og anna bevegelsesenergi m.m. Repetisjonar gjer ein meistar og hjelper kondisen…
Så var det Kata; eldgamle mønster av karate rørsler og teknikker. Vakre, dynamiske og meditativ.
Etter å ha utført Kata 5 til 10 gonger blir ein likevel ganske andpusten. Men, som me all trening her, er det opp til det einskilde kor mykje dei sjølv vil satse.
Etter kata, trener me saman med ein partner;- Kumite. Dette er viktig for å lære timing og avstands bedømming. Kumite blir praktisert meir etterkvart som ein får bedre fokus og kontroll. Det er ofte i Kumite at ein får ei stor oppleving av å meistre. Først trener me med mønstre av avgjorte teknikkar. Etter kvart blir det meir fritt, slik at ein utveksle teknikkar heilt spontant. Det er kanskje denne delen som har høg profil i samband med tevlinger, meisterskap o.l.. Er det medlemmer som er interesert i denne delen kan me hjelper det fram. Erfaring i Hemsedal viser at dei fleste av oss trivs best med klubbtrening.
Det er høve til å trene på tre til fire nasjonale kurs i løpet av året, anten med Shiomitsu Sensei 9.dan eller H. Ohtsuka 10 dan Grand Master. Me er heldige som også få besøk av andre høg graderte instruktørar ; Arthur Meek Sensei 7. dan, og Øistein Riber Sensei 6.dan. Så me er ganske aktive sjølv om det er få som delta i tevlingerDet er høvet til å trene på tre til fire nasjonale kurs i løpet av året, anten med Shiomitsu Sensei 9.dan eller H. Ohtsuka 10 dan Grand Master. Me er heldige som også få besøk av andre høg graderte instruktørar ; Arthur Meek Sensei 7. dan, og Øistein Riber Sensei 6.dan. Så me er ganske aktive sjølv om det er få som delta i tevlinger
Me startar og avsluttar kvar trening på den tradisjonelle japanske måten. Det gir litt meining og dybde særleg i samband med toleranse og respekt. Samstundes blir rammen rundt kvar trening stødig og trygg – slik lærar me fortare og har det endå betre saman.