YAWARA (Dynamisk sjølvforsvar)

Yawara er sjølvforsvar og fitness trening som alle kan trene.

Instruktøren Jem Aalstveit har utvikla den frå 45 års trening i mange ulike kampkunstar.

Du får instruksjon og vegledning som gjer ting lett å hugse,og skapar ei fokusert, trygg og munter stemning som gir mestringsglede.

Det er vanleg med kort felles råd før vi kjem i gang. Trening inkluderar oppvarming, uttøying, forflytningsmetoder, avbalanseringsteknikkar, låsninger, kast, blokkeringer , slag og spark m.m. mot slagsekk og slagputer. Åleine og med partner under kontrollerte forhold. Metodene og teknikkane hjelper mot bl.a. angrep, forsøk på valdtekt og trussel frå kniv og våpen.

Etter kvart når ein har fått litt erfaring og om ein har lyst, kan ein ta ein økt med kontrollert frikamp.

Vi runde av treninga med nedvarming, avspenning og kort fellsråd.

Vi legg vekt på å skape ein uformel og triveleg gruppestemning der folk kan trene etter eige evne. Nokon må trene rolig og andre kan velge høgt tempo.

Du treng ikkje vere spesielt sprek for å delta, men burde ikkje vere skada eller sjuke. Du vil opparbeide god kondisjon, styrke, fleksibilitet m.m gjennom treninga.

Du burde ha på ein form for treningsdrakt eller lause kleder som tåler litt rykking.

Stad; Treningslokalen på Ålstveit gard i Hemsedal.
Treningsavgift for medlemmer kr.500,- Nybegynnerkurs (går over 5 veker) kr.500,-. Drop in kr.100,-

Når: Torsdagar kl.1930 – kl.2030
Stad: Treningshallen på Ålstveit gard i Hemsedal.
For info. og påmelding kontakt info@heimvegen.com eller mob.90656407 – helst sms.

Aldersgrensa 15 år.

Skroll til toppen