Taiji Quan

Ein eldgamal kinesisk kampkunst av sakte og flytande bevegelser, både utan og med våpen. Teknikkar blir utøvd på ein flytande, avslappa men fokusert måte med stillingar som fremjar balanse og koordinasjon. Teknikkane og metodikken er inspirert av natur og bygger på naturlege rørslene – særleg inspirert av visse dyr t.d. tranen, tigeren, bjørnen og slangen. Ein viktig del av treninga er også den tradisjonelle kinesiske måten for healing og velvære, Qigong.

Taiji Quan eignar seg godt til å praktisere saman med Meditasjon. Taiji Quan også eigner seg godt til ute-trening – i skogen, ved ein foss eller vatn, og på fjellet. Når ver og føre tillate det legg vi opp til treningsdagar og kvelder ute.

Ein vanleg kveldstrening begynner med oppvarming og uttøying i hyggjeleg og roleg stemning med fokus på Qi- eller energi -sensitivitet. Ein del tid blir brukt på Yang -formen. Dette er ein sekvens av mange forskjellige teknikkar utført sakte og rolege. Desse rørslene er både kampkunst og strategi som hjelper oss å forstå og handtere eksterne og interne konflikar. Yang-formen aukar kjennslen av Qi og korleis ein kan fokusere Qi for å oppnå større personleg harmoni og helse. Å øve teknikkar med ein partner er også viktig in denne samanhengen. Ein lærar korleis ein kan harmonisere med ein annen. Treninga avrundast med ein kort meditasjon.

Taiji Quan kan vere god trening for folk med muskel og leddproblem særleg pga dei rolege og avslappa måte rørslene blir utført på. Dette er også god hjelp mot bl.a. stress, angst og kronisk spenning. Det blir best utbytte av trening ved å øve litt kvar dag.

Når: Tysdagar. Kl.1800 – kl.1900.
Open trening på sundagar kl.1000 – kl.1200.
Stad: Treningshallen på Aalstveit gard i Hemsedal.

Halvtårskontigent for medlemmer kr.500,-
Nybegynnerkurs (går over 6 treningskvelder) kr.500,-.

Ha på laussittande treningskleder – og eit smil!
For info. og påmelding kontakt info@heimvegen.com eller mob.90656407

Rull til toppen