SHINKAKUZAN

Hemsedal meditasjon & kampkunstakademi

Kva vi tilbyr

Vi er eit trenings- og kompetansesenter for meditasjon og kampkunst. Meditasjon er grunnlaget for alle aktivitetane som vi tilbyr. Alle kampkunstene her er meditasjon i bevegelsar og alle brukar dei sama prinsippa. Vi har god kontakt med desse meditasjons- og kampkunst tradisjonane på høgt nivå og får stadig vegledning frå dei. Felles for alle desse trenings – og praksismetodene er å finne fram til, og leve fullt ut, vår naturlege tilstanden. Kjennskap til eigen indre natur og korleis den heng saman med landskapet rundt seg er grunnlaget for mykje av treninga og filosofien som ligg bak. Øst møter Vest her i Hemsedals vakre fjellandskapet. Velkomen!

Instruktørar og Veglederar

Jeremy Wilson – betre kjent som Jem – er hovudinstruktør, og leiar av Shinkakuzan. Han har over 40 års erfaring i Zen Meditasjon og Kampkunst og har oppnådd 4. dan Wado Ryu (Wado Ryu Academy – Karate) og 2. dan Katori Shinto Ryu (Sugino Dojo . Kenjutsu). Han er Mindfulness Mentor i Intervereordenen under Thich Nhat Hanh og European Institute for Applied Buddhism (Zen Meditasjon, Qi Gong og Taiji Quan). I tillegg får vi instruksjon og vegledning frå mange andre nasjonale og internasjonale annerkjente vegleiare og mentorar.

Lokalen

På Aalstveit Gard har vi bygd om eit gardshus til å no romme over 300m2 med treningssal, garderober og møtefasilitetar. Garden er enkel å finne og ikkje så langt frå sentrum, men skjerma til; 2,2 km frå Ulsåk med utsikt over Hydnafossen, Storehorn og opp gjennom heile dalen fram til Storeskardsnosi.

Korfor namnet Shinkakuzan?

I 1998 vart Jem ordinært i Intervereordnen av Zen Meister Thich Nhat Hanh. Då fekk han Dharmanamnet Chân Giác Sơn – 真覚山 – True Mountain of Emptiness/Enlightenment – Sann/Ekte Opplyst Fjell. Seinare, i Thich Nhat Hanh sin ånd, valgte han å dele dette namnet med alle som mediterer og trener saman her (intervære – vi inter-er), og med respekt for sine Japanske vegledere gjennom 35 år vart det oversatt til Japansk; Shin Kaku Zan. For oss er fjella her, og inne i oss, ei kjelda til inspirasjon og visdom.

Ynskjar du meir informasjon om Shinkakuzan?
Send e-post til:

Nybegynnerkurs Hausten 2021

Kenjutsu (Sverdkunst)

Kenjutsu (Sverdkunst)
Tys. 15. sept. kl.2000 – kl.2130
Aldersgrense 16 år
Alle kursa er på 6 kvelder

Wado Ryu Karate

Wado Ryu Karate
Tys. 15. sept. Kl.1800 – kl.1915
Aldersgrense 10år

Alle kursa er på 6 kvelder

Taiji Quan (Tai Chi)

Taiji Quan (Tai Chi)
Onsdagar. Kl.1830 – kl.1930.
Open trening på sundagar kl.1000-kl.1200.

Meditasjon

Meditasjon
Man.14.sept kl.1915 – kl.2030
Ingen aldersgrense
Alle kursa er på 6 kvelder

Alle kursa er på 6 kvelder. Etter det kan du halde fram i treningsgruppa om ynskjer det.

Kvart kurs kostar kr.500,-, barn kr.100,-.

Prisen inkluderar halvårskontigent for dei som vil halde fram etter kurset.

Påmelding 06. sept.
Første dato blir også oppstart for vanleg trening for alle medlemmer.

Karate- og Kenjutsu-gruppene er medlemmer i HIL (HIL – kampsport).

Taiji og Meditasjon er ikkje idrett men er også drive på frivillig basis.

Meir info og påmelding:
info@heimvegen.no 
mob.909656407 – helst sms!

Meditasjon

FRILUFTSLIV & MEDITASJON

Friluftslivs-meditasjon;- Å gå på tur over fleire minuttar, timar eller dagar i god norsk friluftslivstradisjon, oppmerksamt, med eit smil, interverande… Elles organiserer vi meditative dagsturar, Retreat og liknande, med friluftsliv som ramme og tema.

LES MEIR »
Meditasjon

FJELL SANGHA

Meditasjon (også kjent som Mindfulness) er å øve på å leve i her og no med fred, forståelse, medkjensle, glede og velvære. Vi lærar å gi slepp på bekymringer for framtida og anger over fortida, og heller nære oss sjølve med det gode som fins i øyeblikket.

LES MEIR »
Skroll til toppen